onsdag 9. januar 2013

Informasjon

Her kjem litt info om turen eg skal på. Eg og Kristine skal til Cuba, Costa Rica og San Fransisco. På Cuba skal vi på ein rundtur med G Adventures og ei reisegruppe på 5 - 15 personar. Den startar i Havanna, så går den til Santa Clara, Trinidad og vidare til Cienfuegos, før vi drar tilbake til hovudstaden. Vi skal bu nokre netter på hotell og nokre netter heime hos folk, og reise i ein "private van". Tilbake i Havanna har vi to dagar for oss sjøl, før vi tar flyet til San Jose i Costa Rica. Der skal vi vere med på eit surfekurs i North Santa Teresa. Det blir spennende, og eg håpar vi får sett litt dyreliv. Og så håpar eg jo at eg får til å surfe litt etterkvart! Etter kurset skal vi overnatte ei natt i San Jose før det blir fly til San Fransisco. Der skulle vi egentlig besøke Marta, som har budd og studert der det siste året, men ho fant ut at ho ikkje ville gå på skulen der lenger, så ho er ikkje der. Sånn, det er vel hovudtrekkene på dette eventyret :)

2 kommentarer: