mandag 4. februar 2013

San Fransisco

No har vi vore i San Fransisco nokre dagar! Jon Øyvind møtte oss her, og det var kjekt! Det var overgang temperaturmessig å komme her. Kaldt! Vi måtte på Starbucks og kjøpe varm kakao, og det har blitt eit par koppar med det. Ellers har vi shoppa ein del (Urban Outfitters <3), tatt trikk, sett sjøløver, kjørt segway i Golden Gate Park, spist is i Mission, sett fine hus på Alamo Square (med på Full House-intro), vore på Alcatraz øya og fengselet der, gått på Golden Gate Bridge, vore på Walt Disney Museum, og sett huset som er med i filmen Mrs Doubtfire. Alt vi har rukke! Intrykket av byen generelt er at den er fredelig, ryddig og fin. Vi har det fint, og om ikkje lenge er vi heime i Norge igjen. Då blir det enda kaldare... :)































fredag 1. februar 2013

Costa Rica 4

Då er vi komt tilbake til San Jose, og sagt hade til surfecampen. Tiden der gjekk kjempefort, og vi har hatt det supert! Costa Rica er som paradis. To dagar begynte surfekurset kl. halv seks, i måneskinn og til lyden av brøleaper. Dei to siste dagane var vi "på utsiden" av bølgene. Altså før dei bryter. Det var både skummelt og gøy! Ein an ting som var skummelt og gøy er zip-lineturen. Vi hang på ei line og kjørte høgt over bakken, fra eit tre med plattform til eit anna. Var fin utsikt, når eg klarte å slappe av og tenke på det :) No er vi klar for å surfe meir, og har lyst å ta ein tur til Stadt i sommar! Men først, San Fransisco!